
Innsyn i direktoratenes kontakt med grunneiere.

Jeg viser til spørsmål og svar på Dokument nr. 15:2963 (2020-2021).

Saka om området på Taralrud som er fylt med alunskifer følgjer alminneleg saksgang. Det inneber at alle dokument i saka blir arkivert og er dermed tilgjengeleg for offentlegheita gjennom offentleg postjournal, www.einnsyn.no.
Dette gjeld også for varsla som blei sendt frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik og Miljødirektoratet til Åsland Næringspark Eiendom (ÅNE) og Statens vegvesen (SVV) i sommar.
Per nå har miljømyndigheitene berre sendt varsel om pålegg til partane. Desse varsla blei sendt i brev til Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen datert 23. juni 2021 og 21. juni 2021.
Kommentarane frå Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen blei sendt til direktorata i brev datert 17. september 2021. Direktorata vil vurdere kommentarane frå partane og vil deretter utarbeide pålegg.
Kommentarane frå Åsland Næringspark Eiendom og Statens vegvesen blei mottekne i direktorata for få dagar sia, men vil bli tilgjengeleg på offentleg postjournal innan kort tid.


