Lystinget Logo
Filtrer søk

Skriv for å søke i databasen...

Bakgrunn
Skriftlig spørsmål 13. desember 2024

Saksbehandlingstid for søknad om krematorium

Asker

Spørsmål stilt av

Tage Pettersen

Representant (Høyre)

Sjond AS har søkt departementet om tillatelse til å anlegge krematorium. I et brev fra departementet datert 21. oktober skrives det at man tar sikte på å fatte vedtak så raskt som mulig, men at det kan drøye til desember.

På en konferanse i Sandefjord 29. november ble det også henvist til desember fra en ansatt i BFD som var tilstede. Nå har aktøren fått beskjed om at behandlingen kan ta tre nye måneder.

Answerer

Besvart av

Kjersti Toppe

Barne- og Familieminister (Senterpartiet)

Fordi gravplasslova berre har ei overordna regulering av vilkåra for å få byggje krematorium, har det tatt tid å handsame den første søknaden frå eit privateigd aksjeselskap som vil byggje og drive eit krematorium i Noreg.

Eg viser til at reguleringa i gravplasslova § 4 andre ledd går attende til likbrenningslova av 1913, bortsett frå at departementet med gravplasslova i 1996 fekk heimel til å stille vilkår.

Fordi det er stilt få krav til krematorium i regelverket, må ein vurdere kva for vilkår som må setjast for eit eventuelt løyve. Eg viser til at det til dømes ikkje er heimel til å føre statleg tilsyn med krematorium.

Difor må det gjerast nokre prinsipielle avklaringar før søknaden kan svarast ut. Dette arbeidet er prioritert, og eg ser behovet Sjond AS har for å få svar på sin søknad.

Eg vil samstundes vise til at mitt departement gav tilskot til ein rapport frå Hovudorganisasjonen KA som kartla samfunnets behov for krematorium og kjølerom.

Rapporten kom i august og vi har no mottatt innspel til rapporten, og departementet arbeider med oppfølging.

Regjeringa vil sjå heilskapleg på området når det gjeld krematoriakapasitet, ein tenleg prosess for å vurdere rett lokalisering, kven som skal driva dei og korleis vi eventuelt kan lovheimla ansvaret for krematorium i Noreg.